Historikk

Gullsmeden i Bakkegata har lange tradisjonar i Odda.

Anders Moen og Guttorm Ormberg kom frå Jostedalen til Odda den 1. mai 1931. Dei overtok først urmakarforretninga til Johannessen og starta urmakarfirmaet Moen & Ormberg. Moen tok sveinebrev som gullsmed, og opna eigen gullsmedforretning i same bygg.

I 1970 var det H. Gams. Haugsøen som kjøpte og drifta gullsmeden til Moen og Ormberg. Dei tilsette Olav Berg som dagleg leiar, og det var han i 20 år før han kjøpte opp butikken og dreiv den vidare som Berg Gull og Sølv AS.

I januar 2014 kjøpte Annette Melkeraaen Hauso butikken av Olav Berg og dreiv den vidare under namnet Berg Gull og Sølv Eftf. AS, noko ho framleis gjer. Sommaren 2018 vart Bakkegata 4 lite eigna som butikklokale etter gjentekne vasskadar.

Me flytta då inn i Tyssedalsvegen 4, desse lokala skulle delast med andre innan same bransje. Lokala vart for store og i april 2020 var me så heldige å få flytta inn i  lokale i Bakkegata 2, då var me nesten «heime» igjen.

I april 2023 flytta me inn i nye lokale rett over vegen, i Bakkegata 1.
© Robust
Utvilket av:
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram